Diftongane sin inntogsmarsj! Kvernhuset-elevar forskar på tilsig av diftongar i Fredrikstad-dialekten.

DSC07404

Dette er den andre av to tekster jeg skrev for å holde meg i form i sommer. Den første var for Lokalhistorisk magasin, denne ble publisert i Norsklæreren – tidsskrift for språk, litteratur og didaktikk – Nr 1 2014.

Siden få av dere leser Norsklæreren, og tidsskriftet ikke legges ut på nett, kan du lese det her.

Det blir helt feil lay out her på bloggen, så jeg legger i tillegg ut fotografier av sidene i Norsklærene. Dem legger jeg inn sist i posten.

Diftongane sin inntogsmarsj!
Kvernhuset-elevar forskar på tilsig av diftongar i Fredrikstad-dialekten.

Vi nyttar dialekt, både elevar og lærarar; men elevane er merkeleg umedvitne sin eigen dialektbruk. Dei veit ikkje sjølv kva former dei brukar, og ofte fornektar dei dialekten både ein og to og tre gonger. Kva kan få dei til å høyre hanen gale, slik at dei får ei medviten tilnærming til sitt eiga språk? I klassane mine skjer denne oppvakninga gjerne i niande klasse, når vi skal til å skrive sidemål.

Talemålet til dei fleste av mine elevar er Fredrikstad-mål, ein bydialekt frå ytre Østfold, og det var difor naturleg for meg å ta utgangspunkt i denne dialekten da vi i haust skulle fordjupe oss i eit språkleg emne, slik læreplanen krev under måla for språk og kultur. Der står det at elevane skal kunne

presentere resultatet av fordypning i tre selvvalgte emner: et forfatterskap, et litterært tema og et språklig tema
• gjøre rede for noen kjennetegn ved hovedgrupper av norske talemål

(Kunnskapsløftet, 2005: 42)

Fordi dialekten vår har så mykje ved seg både språkleg og sosialt, blir det til at vi ganske ofte pratar om dialektbruk i klassen. Det kan vere noko ungane har merkt seg på TV, til dømes at Fredrikstad-dialekten ofte blir brukt som sosial markør i filmar, skodespel og reklamar, og da handlar det oftast om å markere låg sosial status. Dette er ein samtale som dukkar opp med ujamne mellomrom, og som eg meiner er verdifull.

Først når vi skal til å lære sidemålet, går vi skikkeleg laus på dialekten vår. Han har så mykje til felles med nynorsk formverk, at eg vel å knytte innlæringa av bøyingsmønsteret av verb og substantiv tett opp til elevane sin dialektbruk. Mi erfaring er at det både verkar motiverande og er til hjelp for elevane når dei skal skrive nynorsk.

Trass i mine gode intensjonar om å avdramatisere nynorsken, tar det aldri lang tid før elevar peikar på alt som er ulikt. Denne gongen var det bruken av diftongar som vart kommentert, og det er slett ikkje merkverdig. Vi seier jo ikkje leike og steike, eller lauk og røyk, sa ein elev. Og rett nok. Vi gjer ikkje det i Fredrikstad. Eg vel å ikkje presentere målmerka for Fredrikstad-dialekten her, – eg reknar med at dei er kjende for lesaren. I staden vil eg konsentrere meg om diftongane, – eller meir rett: om dei manglande diftongane.

Diftongbruk i Østfoldmålet er eit komplekst område. I denne samanhengen kan vi nøye oss med å konstatere at diftongane er på plass i dei indre delane av Østfold, medan dei forsvinn meir og meir jo lenger sør ein kjem. Grensa for diftongbruk har tidlegare gått om lag ved kommunegrensa mellom Fredrikstad og Råde. I Fredrikstad har vi tradisjonelt hatt svært liten diftongbruk, sjølv om dette òg varierer innanfor det som i dag er kommunegrensa. Kor komplekst det kan vere, høyrer vi når folk frå Borge nyttar diftong i stadnamnet Kråkerøy, men ikkje i øynamn frå Hvaler, t.d. Vesterø’ og Spjærø’. Det siste er i samsvar med gammalt talemål (Strømshaug, 1995: 218).

Guten som hevda at han ikkje sa verken leike, steike, lauk eller røyk fekk fort motbør. Andre elevar meinte at dei nytta diftongar i nokre av desse orda, til dømes både i substantivet røyk og i verbet å røyke, – og saka er sjølvsagt at også desse elevane har rett i det dei seier. Det er store variasjonar i bruken av monoftong og diftong, og i Mål i Østfold viser Kristian Strømshaug at dei i Rolvsøy har brukt både sten og stein (Strømshaug 1995: 217).

Kvifor seier bestefar sten, når eg seier stein?
Som innfødt lærar vil ein raskt snappe opp endringar i dialektmønsteret. Eg vassar i ungar kvar einaste dag, og kvart tredje år får eg seksti nye dialektbrukarar å lytte til. Endringar i dialektbruk blir ganske tydelege. I dei seinaste åra har eg spesielt merkt meg at monoftongering er mindre i bruk enn tidlegare. Eg høyrer det når ungane snakkar, og eg ser det når dei skriv. Eg danna meg difor den hypotesen at monoftongen er på veg ut av Fredrikstad-dialekten. Dette stemmer óg med ei undersøking lektor Rolf Torbjørnsen gjorde i Råde allereie i 1973 (Andersen, 1974: 282). Råde representerer eit skilje for diftongbruk i Østfold. Torbjørnsen undersøkte bruken av au i ord som hauk (høk) og lau’ (løv). Han konkluderte med at sjølv om det òg var ein del vakling mellom diftong- og monoftongbruk blant dei eldre over 60 år, brukte dei unge under 20 år i langt større grad diftong enn dei eldre (Andersen, 1974: 282). I si masteroppgåve “Jæ brukær’n når jæ trenger’n” – Fredrikstad-dialekt blant noen utvalgte ungdommer i Plankebyen frå 2011, fann Vemund Imrik ut at bare 30% av dei tolv informantane han undersøkte nytta monoftong (Imrik, 2011: 47).

Det er ikkje uvanleg at elevane mine er ueinige om korleis dei eigentleg snakkar. Nokre gonger skuldast det at dei faktisk talar ulikt, men oftast er det fordi dei ikkje er medvitne om kva dei faktisk seier. Eg kan til dømes vise dei korleis deira bøying av substantiv harmonerer med bøyinga på nynorsk, ballær – ballane i dialekt, mot ballar – ballane på nynorsk. Men då vil alltid ein del elevar protestere vilt: Vi seier da ikkje ballær! Så blir dei alle meir merksame, og neste gong ein elev seier ballær eller kastær, kjem latteren fram: Oj, – eg seier det likevel, jo! Det kan vere ulike årsaker til at elevane trur dei snakkar annleis enn dei faktisk gjer. Det verkar som om dei ikkje er klar over at dialekten deira har låg status, men nokre fortel at dei lærer heime at det ikkje er pent å snakke for brei dialekt. Kan hende er dette ver ei årsak til at dei trur dei nyttar færre dialektformer enn dei faktisk gjer.

Det gjeld å smi medan jarnet er varmt. Eg greip fatt i diskusjonen, og fortalde klassen at det vanlege i Fredrikstad har vore å nytte monoftongar i desse orda. Samstundes la eg fram mi hypotese om at dei no er på veg ut. Eureka! Dei vart interesserte! Kva er det eigentleg vi seier? Orda flaug gjennom klasserommet: røyk, lek, lere, leire, stein, hel, ren på henda, men reinsdyr på vidda. Dei vart så ivrige at det mest vart valdsamt. Men konklusjonen var klar: Dette varierer frå ord til ord og frå språkbrukar til språkbrukar. Imrik fann ut det same. Bruken av monoftongar er ikkje konsekvent og same brukar kan seie røyk og ben, men óg ben og bein (Imrik, 2011:51)

Noko kunne vi likevel einast om: Det finst ingen ord i vår dialekt som absolutt alle brukar med diftong. Vi kunne i alle fall ikkje finne nokon.

Ord der alle bruker monoftong er det fleire av, og vi fann døme på slike:
Løk, ren, hel, lek og leke, stek og steke .

Desse orda var alle elevane einige om at dei aldri ville nytte med diftong, verken i tale eller skrift.

Men så blei dei meir i tvil. Noen ville seie røyk andre røk, noen stein og leire andre sten og lere, – og dei undra seg da eg fortalde at far min, fødd i 1939, ikkje er i tvil i det heile tatt. Han er fødd og oppvaksen i Fredrikstad sentrum, og for han er det ei stor synd å seie røyk, stein eller leire. Sjølv om han ikkje har noko anna teoretisk utdaning enn grunnskule, er han oppteken av språk. Da eg var lita, retta han på meg om eg sa noko som ikkje stemde med dialekten, – eller med dialekta som vi seier i Fredrikstad. Når far min og hans generasjon ikkje er i tvil, medan ungane er det, tyder dette på at vi er i ein overgangsperiode mellom monoftongar og diftongar i denne dialekten. Papazian og Helleland skildrar den språklege utviklinga som ei elv. Nokre gonger skjer det lite, språket er i ein kulp. Nett no er vi visstnok i eit stryk. Det er mykje som skjer (Papazian og Helleland, 2005: 141). Sjølv kan eg ikkje hugse anna enn at alle sa sten, røk og lere da eg voks opp på 1960 og -70-talet, og stemmer det, må dette ha gått fort. Eg har likevel ikkje noko prov for dette, og ikkje trur eg det vart undersøkt heller.

Det er ikkje tilfeldig at ungane var i tvil om akkurat ord med diftongane øy og ei. Viss vi ser på dette kartet, er det nett dei diftongane som har vore fråverande i Fredrikstad, men som finst nærmast utanfor stovedøra vår i Rygge, Våler, Skiptvedt osb (Lundeby, 1995: 26). Vi snakkar om ein biltur på tjue minutt mellom stein og sten.

DSC04690

Område med vassrett skravering: Diftongane æu, æi, øy bevart.
Område utan skravering: Diftongane æu, øy forenkla til ø, e.
Område med loddrett skravering: Diftongar og monoftongar i blanding (Lundeby, 1996: 26)

???????????????????????????????

Vi fekk inn svar frå 361 informantar. Tabellen syner tala for dei uluke aldersgruppene.

Kan fjortenåringar verkeleg forske på språk?
Nå var tida inne for å finne ut om hypotesen stemde. Vi fann fort ut at dei orda alle var einige om at dei sa med monoftong ikkje var verd å undersøkje. Men no er elevane medvitne om problematikken, og håpet må vere at når neste generasjon kjem til, vil desse elevane merke seg om deira ungar seier både leire, rein og steike, ord som dei sjølv altså aldri ville nytte med diftong. Vi landa på substantivet en sten/ en stein og verbet å røke/å røyke. Alle meinte at det var eit samsvar her, slik at dei som seier å røyke òg seier en røyk, men det ville vi ikkje undersøke. Sjølv om eg helst ville undersøkt to verb eller to substantiv, lot eg elevane styre denne delen.

Kven skulle vi så intervjue, og kor mange? Sidan vi er på ein skole med hundrevis av tenåringar, fann vi det naturleg å intervjue så mange som mogeleg av desse. I tillegg måtte vi vite kva dei vaksne seier, både dei unge og dei gamle. Som vaksne i 40 – 50-årsalderen ville vi nytte foreldra til elevane. For å få nok informantar over 60 år valde vi å gå ut i byen for å intervjue folk.

Det er mykje som er nytt for fjortenåringar, og lite er sjølvsagt. Som lærar har eg alltid fleire mål eg vil oppnå. Denne gongen handla det om tre ting:

1. Å gjere elevane medvitne om korleis dei sjølv snakkar
2. Å gjere elevane medvitne om at språket er i stadig utvikling
3. Å lære elevane dei første stega i vitskapeleg arbeidsmetode

Korleis skulle vi foreta denne undersøkinga? Vi spør bare folk kva dei seier, sa ein. Vi ber dei skrive ned kva dei seier, sa ein annan. Så fekk eg høve til å seie noko om at skriftspråk og talemål ikkje er det same, og at folk har ein tendens til å svare det dei trur at den som spør ønskjer å høyre.

Planen var at elevane skulle gå saman to og to for å intervjue ein informant. Først skulle dei kartleggje kjønn, alder og ikkje minst kor mange år informanten hadde budd i ytre Østfold. Berre dei som hadde budd her heile livet vart godkjende. Informantane måtte intervjuast kvar for seg, slik at dei ikkje vart påverka av kva andre sa. Det var òg særs viktig at orda sten/stein eller røk/røyk aldri vart ytra av intervjuarane. I staden held den eine eleven opp steinen og spurde kva dette var. Etterpå la han saman peike- og langfingeren og spurde medan han laga røykerørsler: Kva gjer eg no? Den andre eleven fungerte som sekretær og teikna ein ring rundt rett ord. Dei fleste gjekk til oppgåva med stor iver. Etter ei veke mangla vi bare informantar i den eldste gruppa. Dagen etter kom to jenter på skolen med ein tjukk bunke. Dei hadde på eige initiativ trykt opp fleire skjema og vandra ut i byen for å finne gamle folk dei kunne intervjue.

???????????????????????????????

Til saman fekk vi inn svar frå 361 informantar: 132 frå den yngste gruppa, 128 frå den mellomste og 101 frå den eldste. Dette er mange nok til at det gjekk an å få skikkelege tal, som ville vise ein tendens:

Når ein jobbar med elevar, er det oftast overordna at elevane skal skjøne og ta til seg det dei lærer. Det fører til at vi forenklar tal, generaliserer og tek dei grepa vi må for å gjere stoffet tydeleg og lett tilgjengeleg. Eg var difor spent når vi denne gongen skulle nytte reelle tal, tal som ikkje er avrunda eller manipulerte på anna vis. Ville det resultatet vi fekk syne ein så klar skilnad at alle elevane kunne sjå ein tendens og forstå kva dette handla om? Det kunne dei. Frå ein pedagogisk ståstad må ein kunne seie at vi var særs heldige med resultatet.

Kva fikk vi ut av det?
Eg ser ingen grunn til å gå inn på kvart einskild tal. Til det er tendensen for tydeleg, og det var som eg trudde: Diftongane ei og øy nyttast i langt større grad av den yngre generasjonen enn av den eldre. Tala står der for alle å lese, og eg tillet meg difor ei grov og frekk forenkling: I den yngste informantgruppa nyttar om lag 75 % diftong og 25 % monoftong. I den eldste gruppa er det tvert om. Hos midtgenerasjonen, foreldra til elevane, er det 50/50.

I tillegg til alder, hadde vi og kjønn som ein variabel. Vi veit at kvinner har ein tendens til å nytte mindre lågstatusformer eller dialektformer enn menn (Papazian og Helleland, 2005: 33). Som ein ser av tabellen, er det nokre små forskjellar mellom menn og kvinner. For ordet stein er det ein liten tendens til at menn nyttar diftong oftare enn kvinner. Dette gjeld likevel ikkje for ordet røyk, der er det faktisk omvendt i to av aldersgruppene. Vi kan med andre ord ikkje trekke nokre konklusjonar av dette denne gongen. Det interessante er dessutan kva som er lågstatus av dei to formene i denne samanhengen. Rett nok er sten og røk dialektformene, og skulle difor i følgje teorien nyttast oftare av menn enn av kvinner. Samstundes er det grunn til å tru at ord med diftong vil bli rekna som breiare og difor ha lågare status enn ord med monoftong. Når vi Fredrikstad-folk nyttar monoftongar utanfor distriktet, blir vi ofte skulda for å knote. Fordi monoftongen er det einaste målmerket i vår dialekt som reknast som høgstatus, vil folk som ikkje kjenner til dette målmerket i dialekten, tru vi freistar å pynte på ein dialekt som har låg status.

Det undrar meg at det er såpass mange i den midtre informantgruppa som nyttar diftong. Det er synd vi ikkje har tidlegare undersøkingar å samanlikne med, men eg har ikkje funne nokon slik. Dei unge informantane har truleg alltid snakka slik dei gjer no. I følgje Papazian og Helleland er det slik for dei eldre òg. Dei hevdar at språkbruken til individa er konstant, medan språkbruken til språksamfunnet er i konstant endring (Papazian og Helleland, 2005: 137). Så tar vi vel feil både far min og eg, når vi meiner at ein del av dei vaksne informantane i denne undersøkinga har endra seg og gått over til diftongbruk etter kvart. Talet på diftongbrukarar stemmer ikkje med det vi meiner å hugse, men hugs er som kjend ikkje noka målbar eining.

Det heile starta med ein refleksjon om språk. Femti-fire niandeklassingar diskuterte sin eigen og andres diftongbruk. Ein hypotese vart laga, ei undersøking gjort og eit resultat tolka. Eg trur ungane har hatt utbytte av dette på fleire plan. Dei er no langt meir medvitne om sitt eige språk og sin eigen dialekt, og eg trur dei i framtida vil vere meir observante når det gjeld det talemålet dei høyrer hos seg sjølv og andre. Neste steg ville vere å sjå på kvifor vi får denne endringa frå monoftong til diftong.

Sjølv er eg litt ergerleg. Eg har vore oppteken av dette i alle år, og eg har òg sett denne språkendringa og mange andre språkendringar utvikle seg. Kvifor i all verda har eg ikkje gjort denne undersøkinga med dei elevane eg har hatt tidlegare? Dette er god språkundervisning, men mest av alt språkfagleg interessant. Eg går altså til knea i informantar kvar einaste dag, og så har eg latt dette liggje. Men det er aldri for seint. Sjølv om eg forsømde å lage ei oversikt over diftongbruk i Fredrikstad for tjue og ti år sidan, kan eg gjere det no, – kvart tredje år. Sjølv om eg er litt seint ute, skal det bli interessant å sjå kva veg dette går, og kor fort.

Eg kjem att!

Litteraturliste:

• Papazian, Eric og Helleland, Botolv: Norsk talemål, lokal og sosial variasjon., Høyskoleforlaget AS, Kristiansand 2005
• Lundeby, Einar: Østfoldmål. Østfold Mållag, Fredrikstad 1995
• Strømshaug, Kristian: Mål i Østfold. Novus Forlag, Oslo 1995
• Andersen, Birger Alfred: Utsyn over målføra i Østfold, artikkel i Bygd og by i Norge – Østfold, Gyldendal Norsk Forlag, Oslo 1974.
• Imrik, Vemund: “Jæ bruker’n når jæ trenger’n” – Fredrikstad-dialekt blant noen utvalgte ungdommer i Plankebyen, Masteroppgave, UiO 2011

???????????????????????????????

???????????????????????????????

???????????????????????????????

???????????????????????????????

10 responses to “Diftongane sin inntogsmarsj! Kvernhuset-elevar forskar på tilsig av diftongar i Fredrikstad-dialekten.

  1. Det er så interessant, Hege! Jeg læste at de forskellige mennesker ofte ikke er bevidst om hvad de siger. Man får et modersmål i en alder, hvor hørelsen er lidt anderledes end senere, og det er de færreste, som får lært at indstille ørerne på en anden måde. Når man er barn, kan man høre den mindste forskel i intonation hos moderen, og jeg har hørt påstanden at spædbørn har absolut gehør, d.v.s. at de hører og kan huske tonelejet. (Det tror jeg ikke gælder alle småbørn).

    Jeg må læse teksten igen og se om der også er en tendens til at man gerne vil tale på en måde, så flere forstår, hvad man siger. Det er vel det første skridt i retning af at høre og tale på en anden måde. Diskussion af, hvordan dialekten bruger diftongerne er et skridt i den retning.

    • Så hyggelig at du synes det er interessant, Donald, – og at det gikk greit å lese, selv om jeg skrev på nynorsk denne gangen.

  2. Angående Nynorsk: Der var en nordmand som forklarede at ‘hv’ i ord som hvem, hvad, hvor … bliver til kvem, kvad, kvor og så videre. Det gør det jo lettere at gætte ordene ud fra sammenhængen. Og det lærer os iøvrigt også at de gamle indoeuropæiske sprog havde den-der-lyd, ‘k’-lyden i stedet for ‘h’ i spørgeordene. Se bare her: Etymologisk ordbog, opslag «who»:
    Old English hwa, from Proto-Germanic *khwas, *khwes, *khwo (cf. Old Saxon hwe, Danish hvo, Swedish vem, Old Frisian hwa, Dutch wie, Old High German hwer, German wer, Gothic hvo (fem.) «who»), from PIE *kwo- (cf. Sanskrit kah «who, which;» Avestan ko, Hittite kuish «who;» Latin quis/quid » …

    Så latin quis er nærmere kvem end man skulle tro🙂

    Men det er selvfølgelig lidt sværere, når hvor bliver til svensk vart som bliver til nynorsk kvart, hvilket selv for en nynorsk nordmand må også må kunne betyde en fjerdedel.

    Lad det nu bare ligge; det bedste ved historien er at de gik op i sproget og spurgte gamle mennesker om det var en sten eller stein, og det røyker eller røker. Det skærper opfatteevnen at observere de små nuancer.

  3. Takk for den lille språkhistoriske leksjonen, Donald. Det kommer alltid godt med.

    At ord kan ha flere betydninger er jo ikke spesielt for nynorsk, – sånn er det jo i alle språk, både muntlig og skriftlig.

    Jeg har ellers aldri forstått hvorfor det skulle være vanskelig for folk i Skandinavia å forstå verken skriftlig dansk, svensk, bokmål eller nynorsk. Her på facebook verserer det av og til noen tekster som skal vise hvordan hjernen vår jobber når vi leser, og disse eksempeltekstene er da mye fjernere fra vårt daglige språk enn hva de skandinaviske språk er. Du vet de som ser omtrent sånn ut:

    Ifgøle en udnerøkslese ved Cmarbigde Uinevrisett sipller det ignen rlloe i hvliken røfgekkele boktsvanee er,

    eller sånn på engelsk:

    i cdnuolt blveiee taht I cluod aulaclty uesdnatnrd waht I wuas rdanieg.

  4. Å, jeg elsker denne artikkelen – det er så interessant! For meg (f. 1972) som er oppvokst i Våler, men tilbragte samtlige skoleferier på hytta i Fredrikstad, er det ikke vanskelig å kjenne seg igjen. Enkelt fortalt brukte jeg diftonger i skoleåret og monoftonger i feriene. Og ifølge foreldrene mine var jeg forbløffende konsekvent.

  5. Oh!!! Hege (og selv tak – jeg bliver også så «urimeligt glad» for en snak om sprog!)

    Det er som du siger svært at læse især den anden text «I cdnuolt …», men det er muligt. Det var en god pointe😀 Jeg mener bare stadig at det er synd at (især) dansk glider længere og længere væk fra en tydelig udtale. Jeg har lyst til at tage ind på universitetets dansk-afdeling (men føler det vil være anmassende) fordi jeg husker en forsker, som havde lavet en undersøgelse, og havde fundet, at danskere let kan forstå svensk, men at svenskere har problemer med at forstå dansk, fordi så mange stavelser bliver «slugt». Der er ikke mange dansk-lærere, som underviser i udtale. Gad vide om det ville være muligt at forklare børn og voksne at en tydelig udtale giver større mulighed for at få en god stilling.
    Imidlertid har jeg også en god oplevelse om forståelse: Da jeg var hos tandlægen i sidste uge, var Evelyn i Helsingborg ikke i tvivl om hvad jeg sagde, og jeg forstod hvert ord hun sagde, men vi var enige om, at der kunne være situationer, hvor skånsk var vanskeligt at forstå, vanskeligere end rigssvensk. Jeg husker fx. 5år lød som 5 øre – og jeg forstod ikke hvad manden mente.

  6. På dansk blir øre knapt en ø, – på norsk bruker vi det hele: ø r e
    🙂

    Nå tror jeg ellers at jeg alltid forstår dansk, – men det er ikke helt sant. En gang intervjuet Søren Ryge noen folk sør på Jylland, – og da skulle de salige ha takk🙂

    Men at nordmenn, svensker og dansker ikke skulle forstå hverandres skriftspråk, – det mener jeg er noe forbannet vrøvl, – eller latskap!

  7. Tilbaketråkk: Å skrive eller ikke skrive | Livet leker

  8. Tilbaketråkk: Eksamen med liten skrift | Livet leker

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s