Eg er med, – trur eg

Om ein først skal vere medlem i ein nystarta klubb, hadde det vore best å vere medlem frå starten. Slik gjekk det ikkje. Då Uffe starta Læsehippologisk søndagsklubfor ei tid sida, skjøna eg fort at dette ikkje gjekk. Sjølv om eg aldri har lese Dorian Gray som var deira første utfordring, måtte han gli frå meg denne gongen og.

Men no er eg altså med, – trur eg.

d1

Eg er framleis litt i tvil. Tenk om eg ikkje orkar Dante sin Guddommelege komedie? Kva om tempoet blir for høgt? Eg har trass alt anna å gjere og ikkje minst anna å lese. På den andre sida har eg lyst til å lese noko av plikt, mest som eit studium. Eg likar det. Første heimeoppgåve no er altså å lese dei sju første songane i Den Guddommelege komedie, og det innan neste sundag. At eg skal på seminar frå tysdag til onsdag, har huset fullt av småungar på onsdag kveld og skal i middagsselskap på laurdag får stå si prøve. Eg vil i det minste freiste å få det til.

d2

Uffe har opna ein eigen nettstad for oss, og det gjev det heile eit løft. Eg har allereie meldt meg inn der, – no er det vel ingen veg tilbake? Thv vurderer å hengje seg på, men han er litt i tvil han og. Vi snakka om det i går, og begge visste at vi hadde eit eksemplar, ei pocketutgåve, av boka ein eller annan stad. Huset blei endevendt, kvar bokhylle saumfara og alle titlar lesne. Ho var borte. Så kom han på det, mannen min: Han hadde forsøkt seg på ho fleire gonger, men til slutt gav han opp og kasta heile boka i sinne. Det fekk konsekvensar, for i dag måtte eg på biblioteket.

d3

Kvifor eg skriv på nynorsk i dag? Eg øvar meg. Den norske omsetjinga er gjort av Magnus Ulleland – til nynorsk. Sidan fleirtalet av medlemsmassa i Læsehippologisk søndagsklub tilhører den danske gren, har eg og sikra meg eit eksemplar på dansk og, eit riktig gamalt og markstukkent eitt frå 1919. Boka er omsett av ein Chr. K. F. Molbech, men det er neppe det same eksemplaret som mine danske vener sit med. Og tru det eller ei, – eg har lese den første songen både på norsk og dansk. Eg trur det blir parallellesing, og alt no har ein panter i den danske omsetjinga blitt til ei gaupe i den norske. Korleis kan det ha seg? Eg må nok innrømme at fram til no har det mest interessante vore å lese omsetjarane sine føreord, – ikkje hadde eg høyrt om versemålet terza rima. De har eg no.

Eg er med, – trur eg.

d4

7 responses to “Eg er med, – trur eg

  1. Godt at høre du er med! Den seneste oversættelse på dansk er Ole Meyers fra 2000, men klassikeren er Molbechs fra 1851. Om den skriver Ole Meyer i sit forord:

    ‘Han (= Molbech) overholder nøje originalens fletværk af kvindelige rim (altså sluttende på tryksvag stavelse), et kunststykke som siden vistnok kun tyskeren Benno Geiger, i 1960, har præsteret på et germansk sprog. Imidlertid lyder Molbechs vers langt mere regelmæssigt adstadige end Dantes, idet han i overensstemmelse med sin tid bruger oehlenschlägerske femfodsjamber, et versemål ganske forskelligt fra Komediens 11-stavelsesvers, der er båret af en mere fri rytme.’

    Jeg er spændt på at høre hvad din oplevelse af oversættelsen er.

    – og så håber jeg, at det nynorske kun var et forsøg – hold op, der er svært at læse! 🙂

  2. Nynorsk…!?! Har det rabla for deg???

  3. Vi får se, Uffe. Jeg er ingen kløpper i ulike rimmønstere, og jeg må bare innrømme at det interesserer meg sånn måtelig. Men lesningen i går var ikke avskrekkende, og jeg tror nok jeg kommer til å lese begge versjonene parallelt. Det gir størst utbytte.

    Og til 9na, – rabla for meg, nei! Jeg har skrevet nynorsk her på bloggen før, jeg, – og det kommer til å skje igjen. Men ikke ofte nok til at Uffe får problemer.

  4. Riktig bra nynorsk også.

  5. Takk for det, Britt Åse. Det skulle nå bare mangle, forresten.

  6. Tilbaketråkk: På rømmen i Gøteborg « Livet leker

  7. Tilbaketråkk: Språknytt « Livet leker

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s